Bilete

Ekspedisjonen Bryggeri

Ekspedisjonen Bryggeri produserer no øl for sal på ekspedisjonen.

Lysta til å etablere eit mikrobryggeri har vore med oss sidan me starta opp i 2005. Me har i desse åra sett behovet for å kunne tilby lokalt forankra produkt frå Hardanger. Tradisjonane for "kodn øl" og heimabrugg er og har vore sterke i Hardanger, det same gjeld for sider. Me gler oss difor stort til å kunne svara  : JA! - når gjester neste gong spør oss om me har laga sideren sjølve.

Fredrik Opedal er bryggerisjef, og har med seg Bryggeriassistent Olav H. Helleland.

I kranane renn det til ei kvar tid i det minste 4 forskjellige Hardingar.

 

Ølsmaking og Hagevandring:  

Me tilbyr omvising og ølsmaking på Ekspedisjonen, der me vanlegvis smakar fira sortar øl, tek ein tur inn i bryggeriet og snakkar om produksjon, historie og andre soger.

Me tilbyr hagevandring, der me går ein flott runde i frukthagane og tek eit gardsbesøk der me smakar sider/eplesaft og eller øl og snakkar om norsk fruktproduskjon, lokale tilhøve, vidareforedling og andre soger.

Både Ekspedisjonen med ølsmaking og hagevandringa ligg i fem minutter gåavstand frå Hotellet 

Me kan og servere fingermat ilag med dei gyldne dråpane.

Gruppene må minimum vere på 10 personar.

Ta kontakt for eit tilbod på harald@opedal.com